torsdag 11. desember 2008

Helse i heimen

Far min er sjuk. Han har vore sjuk lenge. Det er noko med lungene som gjer at han ikkje greier å puste skikkeleg. Difor har han trong for medisinar, og for ekstra oksygen frå ein kolbe som han dreg med seg over alt på ei lita tralle. Han vert fort dårleg av infeksjonar, og har hatt lungebetennelse ein haug med gonger dei siste månadene. Då må han inn på sjukehuset for å ta sterke kurer med penicillin.

Så kjem han ut att, og så vert han dårleg att, og så må han inn att, og så kjem han ut att. Slik har livet hans vore den siste tida. Og livet til mor mi.

Det finst ingen kur for denne sjukdommen. Han vert berre verre. Sjukehuset kan hjelpe til med å kverke ein lungebetennelse, og dei andre medisinane kan hjelpe til med å skru ned tempoet åt sjukdommen. Men det går berre ein veg med far min.

Dei siste dagane har eg vore saman med far min og mor mi. Det byrja med at eg reiste inn for å vere til stades under ”visitten” – den korte samtalen mellom lege og pasient som skjer kvar morgon på sengekanten på alle sjukehus i heile verda. Det er her alle dei viktige opplysingane vert formidla.

Saka var at sjukehuset ikkje kunne gjere noko meir for far min nett no. Dei ville skrive han ut. Men heime sat mor mi og kvidde seg for å få ein hjelpelaus mann heim att, utan noko ekstra hjelp i heimen.

Far min vart tilrådd å reise på sjukeheim for ein periode. Han sa nei. Eg anar han har gjort seg eit reknestykke som går om lag slik: Den dagen du vert rulla over dørstokken på ein sjukeheim kan du helse farvel til å koma heim til deg sjølv att. Det gjeld om å halde den dagen så langt vekk som råd er – i alle fall så lenge du sjølv meiner du har eit val. Og det har far min framleis. Han sa nei.

Då vert oppgåva å sikre nok støtte heime til at kvardagen – heilt praktisk– vert til å leve med. Eg har tre brør. Vi er alle i arbeid. Vi har alle familiar. Kort sagt: Det er lenge sidan nokon av oss budde heime, og det er lite truleg at vi kjem til å flytta heim med det fyrste. Altså må hjelpa til den daglege omsorga hentast frå andre kjelder – frå velferdsstaten. Eller rettare, frå velferdskommunen. At slik hjelp i det heile teke finst, er noko av det finaste med den modellen for felles velferd som vi har skipa i dei nordiske landa.

Om du tek 40-50 alvorleg lungesjuke menneske og samlar dei på ei felles avdeling på eit sjukehus, så får du – vel – ein stad som er svært prega av lungesjukdom. Det er ikkje anna å seie om dette enn at ein slik konsentrasjon av pustevanskar legg ein dempar på all livsens lukke du enn måtte kjenna. Ved sidan av hjartet er pusten sjølve kjenneteiknet på liv. Og motsett: Om du strevar med hjartet ditt eller pusten din så utfordrar du grensa for livet, mest kvart minutt.

Det var nett slik ei avdeling far min låg på. Eg tykte det var vanskeleg berre å vere der, og eg hadde all sympati med far min som ville heim så fort som råd var. Sjukdom er trist etter mi meining. Store konsentrasjonar av sjukdom er i mine bøker likt med stor sorg og stor liding. Det er sjølvsagt ikkje eit argument mot sjukehus, men det er eit sterkt argument for å halde seg så langt unna som det er praktisk mogleg. Om du fyrst er sjuk, så hald deg så frisk du berre kan, - der ligg lærdommen.

For oss vart dette eit spørsmål om ambulanse. Vi venta i fem timer, men då dei endeleg kom vart det ikkje spart på effektiviteten! I ville bukkeritt over holka for vi heim til Strømmen – truleg med den dårlegaste kandidaten som nokon sinne har blitt frakta vekk frå eit sjukehus, og ikkje den motsette leia.

Vel heime er det om å gjere at gutane frå ambulansen ber far min heilt fram til sofaen og til putene som ligg der sidan sist han satt og gapa etter pusten. Jo takk, sjåførane er vekke om lag før dei kom inn, så der er vi: Ei skrøpeleg mor, ein forskrekka son og han som alt handlar om: Den lungesjuke faren.

Alle veit at mor mi ikkje kan ta vare på far min, - fullt ut. Ho er for sjuk sjølv. Ho treng hjelp til dei oppgåvene som er tunge; opp av senga, ned i senga, vask, barbering – og så bortetter. Men ho er samstundes suveren til å lese krava hans: Kor mykje, kor lenge, kor mange, kor ofte. Ho veit ikkje alltid kva han treng, men ho veit det i alle fall betre enn nokon annan.

Finst det helse i heimen? Eg meiner ja. Eg meiner – rett ut – at den hjelpa som Skedsmo kommune har laga til for far min er om lag så god som nokon kan håpe på. Heimesjukepleie er ein genial ide, når tilbodet faktisk eksisterer. No kjem dei om morgonen, hjelper til med å få far min opp or senga, vaskar, barberer og hjelper med kleda. Dei kjem om kvelden for reversen: Attende til senga, på med pysj, god natt. Mor mi kan kjenne seg trygg for at dei tyngste børene vert tekne av nokon andre, og eg kan kjenne meg trygg på at det kjem folk innom kvar dag. Trengst det ekstra hjelpemiddel - ein stol med hjul, ein rullator, fjerning av vanskelege dørstokkar – ja, så finst det og.

Om eg før har trudd at eg har forstått meininga med eit offentleg helsestell, så skjønar eg det i alle fall no. Offentlig helsestell er ikkje berre byråkrati og opningstider. Det er menneske av kjøtt og blod som kjem innom og gjer ein framifrå jobb. Menneske du kan snakka med. Menneske du kan høyra på, og som høyrer på deg. Nokre av dei kan du rett og slett bli glad i.

Så då kunne vi feire. Med ribbe, lefse, akevitt frå Siemers og øl frå Nøgne Ø. Far min sa han kjende akevitten heilt ned i stortåa. Dette var noko anna enn den tragiske lungeavdelinga. Då var eg nøgd. Seinare såg vi eit suverent handballag frå Noreg som banka ungararane til pinneved. Eg seier det som det er: Dette er felles velferd på sitt beste! Og, ja, det finst både helse og livskvalitet i heimen – berre vi får litt hjelp til å lokka dei fram. Far min vert aldri frisk att, men han både kan og skal ha eit liv likevel.

Ingen kommentarer: